Faktaboks

Kamelen

Marcus Kabelo Møll Mosele

Slim Kamel

Fødd
1993, Bergen
Kamelen (Marcus Kabelo Møll Mosele).
Kamelen (Marcus Kabelo Møll Mosele).
Av /SCANPIX.

Kamelen er ein norsk rappar frå Bergen.

Bakgrunn

Marcus Kabelo Møll Mosele er fødd i Bergen. Han bruker artistnamna Slim Kamel og Kamelen.

Musikkarrieren

Kamelen debuterte med låten «Si ingenting» i 2015. Sidan har rapparen gitt ut låtar som «Kjeltring» (2016), «Hon e fin» (2018), «Vil ba vekk» (2019) og «Creme De La Creme» (2021). Albumet Ambivalent kom i 2017, etterfulgt av albumet KINGPIN SLIM (2019) og albumet #FRIKJENT (2021), med fleire utgjevne singlar innimellom desse.

Tekstuniverset krinsar om forholdet mellom mann og kvinne. Han er kritisk til korleis makthavarane, og då særleg politiet, bruker makta si. Det ser vi til dømes i låten «Si ingenting». Eit underliggjande tema i tekstane hans er draumen om ein dag å leve eit lovlydig liv. Dette vert særleg reflektert i tittelen på albumet #FRIKJENT frå 2021. Kamelen hamna i nyhendebiletet også utanfor det norske rappmiljøet då han i 2015 prøvde å stikke av frå varetektsfengsel. I 2017 avslutta han ei tjue månader lang fengselsstraff for vald.

Kamelen rappar på dialekt, men har mange innslag av slang frå andre språk, til dømes arabisk og engelsk.

Utmerkingar

Kamelen vart nominert i klassen årets gjennombrot under Spellemannpris-utdelinga i 2018. I 2021 mottok han Spellemannsprisen i kategorien Hip-hop.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg