Hopp til innhold
X
Innhald

Marcus Monrad

Marcus Jacob Monrad (1816–1897) var ein norsk filosof, fødd på Nøtterøy. Han var professor i filosofi ved Universitetet i Kristiania frå slutten av 1840-talet til han døydde. 

Monrad underviste i filosofi, men var aktiv som litteratur- og teaterkritikar og politisk debattant. I tida før 1870 vart han sett på som ein stor autoritet i estetiske spørsmål, og ei av avhandlingane hans heiter Tolv Forelæsninger om det Skjønne (1859). Han formulerte eit idealistisk syn på kunst og dikting som mange delte. 

Etter det moderne gjennombrotet omkring 1870 vart det eit brot mellom Monrad og den nye generasjonen, og for mange vart han symbolet på embetsstaten og den gamle tida. Sjølv om diktarane ofte vende seg mot han, lærte både Vinje og Garborg filosofi under hans kateter.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 16.10.2018
Sist oppdatert: 16.10.2018