Hopp til innhold
X
Innhald

Margaret MacDonald Mackintosh

Margaret MacDonald Mackintosh, 1864–1933, var britisk designar innanfor art nouveau og høyrde til «dei fire» i Glasgow.

Karakteristisk for stilen hennar er bogne linjer, lette abstrakte figurar og dempa fargar. Ho samarbeidde mykje med systera Frances MacDonald MacNair og mannen, Charles Rennie Mackintosh, mellom anna med Miss Cranston’s Tea Rooms (1900).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.10.2016
Sist oppdatert: 06.10.2016