Hopp til innhold
X
Innhald

Marin Mersenne

Marin Mersenne, 1588­–1648, fransk matematikar. Namnet hans er spesielt knytt til Mersenne-tala, det vil seie primtal som kan skrivast på forma p = 2n-1, der n er eit naturleg tal. For til dømes n = 2, 3, 5, 7, 13, 17, 19 får vi Mersenne-tal. Det er ikkje prova om det finst uendeleg mange slike primtal.
Det største kjende Mersenne-talet får vi for n = 19337.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012