Hopp til innhold
Marit Myhre. Foto: privat. Nytta etter avtale.
Marit Myhre. Foto: privat. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Marit Myhre

Marit Myhre var ein lyrikar frå Valdres. Ho gav ut to diktsamlingar i godt vaksen alder.

Marit Myhre, med jentenamn Hauge, var fødd i Vestre Slidre i Valdres 21. mars 1909 og døydde der 28. januar 1989. Ho hadde huspost i Oslo før ho gifta seg, og frå 1940-åra bygde ho opp eit småbruk i Vestre Slidre saman med mannen.

Myhre gav ut to diktsamlingar på Dreyer, Kvardagen er min ven (1976) og Kveldland (1979), og hadde mange dikt på trykk i Årbok for Valdres og i juleheftet Jul i Valdres. Ho var nær pensjonsalderen før den første samlinga kom ut, så det er modne dikt, dei fleste skrivne i frie vers. Mange av dei er attendeblikk på barndom og ungdom, og i den siste boka reflekterer ho over livshausten. Titteldiktet i den første samlinga fortel kvar ho ofte fann inspirasjon til å skrive. Blomar var ofte utgangspunkt for dikta hennar.

Myhre var syster til forfattaren Knut Hauge. Dei to dyrka ei felles interesse for litteratur i oppveksten, og begge var avhengige av og dyrka stemningar. Ho hadde òg ei sterk interesse for musikk og som ung lærte ho å spele orgel. Draumen var å verte organist, noko ho skriv om i diktet «Ungdoms draum».

Vi som bur under berg
Dei gamle tala om ein spådom:
Eingong
skulle dette berget
dette ned –
legge tre gardar
i grus.

Vi er mange
som bur
under berget.

Minnest av og til
spådomen
men tér oss
som den ikkje
var til.

Born leikar
hus kjem opp
Skogen gror
under bratthenget.

Men sprekken i berget ér der.

Diktet «Vi som bur under berg», i Marit Myhre: Kveldland. Oslo 1979
Les boka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider, nb.no 

Kjelder

Gunnar Hauge: «Marit Myhre», i Årbok for Valdres 2004. Tidsskrift for Valdres historielag. Fagernes 2014

Knut Lauvrud: «Marit Myhre», i Jul i Valdres, 1989. Valdres ungdomslag. Valdres 1989

Først publisert: 26.06.2019
Sist oppdatert: 26.06.2019