Hopp til innhold
X
Innhald

Michelangelo

Michelangelo di Lodovico Buonarroti Simoni, 1475–1564, var italiensk bilethoggar, målar, diktar og arkitekt, og ein av dei største personane i verdskunsten.

Kolossalstatuen David (1501–04) i Firenze og Pietá i Peterskyrkja i Roma (ca. 1500) høyrer til ungrenessansen. Takmåleria i Det sixtinske kapellet i Roma (1508–12) er mellom dei viktigaste verka i høgrenessansen. Medicigravene i Firenze (1520–34) bryt med den store harmonien i høgrenessansen og nærmar seg manierismen, og det same gjeld fresken Dommedag i Det sixtinske kapellet (1536–41). Frå 1547 var han arkitekt for Peterskyrkja.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.09.2016
Sist oppdatert: 29.09.2016