Faktaboks

Moltke Moe
Ingebret Moltke Moe
Fødd
19. juni 1859, Krødsherad, Viken
Død
15. desember 1913, Kristiania (nå Oslo)
Verke
Folklorist
Familie

Foreldre: Biskop og folkeminnesamlar Jørgen Engebretsen Moe (1813–82) og Johanne Fredrikke Sophie Sørenssen (1833–1913).

Ugift.

Sonedotters son til Christian Sørenssen (1765–1845).

Moltke Moe

Moltke Moe, samla frå 18-årsalderen folkeminne, særleg i Telemark.

Av .
Lisens: CC BY 2.0

Moltke Moe var ein norsk folklorist og språkforskar. Han grunnla universitetsstudiet folkloristikk i Noreg og vert rekna som far til tanken om samnorsk.

Bakgrunn

Ingebret Moltke Moe var fødd i Krødsherad i Buskerud og døydde i Kristiania (no Oslo). Han var son til folkeminnesamlaren Jørgen Moe. Etter examen artium i 1876 tok Moe fatt på teologistudiet, men var meir oppteken av folkeminne og religionshistorie og gav opp teologien.

Professorat

Moe var mest sjølvlærd som folkeminnegranskar, og med examen philosophicum som einaste eksamen vart han i 1886 utnemnd til professor i norsk folkespråk, med plikt til å førelese om folkeminne. Han vart med det den første professoren i folkloristikk i Norden. I 1899 vart professoratet endra til folketradisjonar og mellomalderlitteratur, norrøn litteratur medrekna.

Folkeminne

Alt frå 18-årsalderen samla Moe folkeminne, særleg i Telemark. Han fekk tidleg stipend frå Universitetet og Stortinget til innsamlingsreiser. Då Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe døydde, fekk han ansvaret for nye utgåver av folkeeventyra. Særleg mykje arbeidde han med studiet av folkeviser, aller mest med «Draumkvedet», som han freista å restituere ut frå dei versjonane som låg føre. Han gav, saman med eleven Knut Liestøl, ut Norske folkevisor fraa millomalderen (1912). Posthumt kom trebandsverket Norske folkevisor (1920–1924).

Samnorsktanken

I målstriden såg Moe for seg at riksmål og landsmål ein gong skulle flyte saman. Synet la han fram i Retskrivning og folkedannelse (1900), «Norsk og dansk sprogdrakt» (1906) og «Nationalitet og kultur» (1909). I «Nationalitet og kultur» skriv han: «Har De været i Gudbrandsdalen og set brævandet fra Otta strømme ut i Laagen? Saaledes maa ogsaa de to nærskyldte maalformer flyte sammen.» I denne artikkelen bruker han, som ein av dei første, ordet «samnorsk». Arne Garborg hadde tidlegare brukt ordet i ein artikkel i Fraa By og Bygd i 1877.

1907-reforma i riksmål

Moe var med i utgreiingsarbeidet som førte til 1907-reforma i riksmålet. Etter oppmoding frå departementet la Moe, Jonatan Aars og Simon W. Hofgaard våren 1898 fram utgreiinga Om en del retskrivings- og sprogspørsmål. Forslaget vekte strid, og forfattarane kom med eit tillegg hausten 1899. Debatten og arbeidet gjekk vidare i åra som kom, og i 1906 fekk Moe, Hjalmar Falk og Johan Nicolaisen i oppgåve å gå igjennom det endelege forslaget frå Marius Nygaard og Aars.

Vitskapleg produksjon

Moe var aktiv på mange hald. Han brukte mykje tid på samtalar og brevveksling, stilte høge krav til eige arbeid og hadde motvilje mot å gi frå seg manuskript til prenting. Den vitskaplege produksjonen vart difor ikkje så stor. Mykje av det han skreiv, var populærvitskaplege artiklar. Knut Liestøl samla det meste av den vitskaplege produksjonen i tre band i Samlede skrifter (1925–1927). Norsk Folkeminnelag gav ut Folkeminne frå Bøherad (1925) og Folkeeventyr frå Flatdal (1929).

Andre engasjement og verv

Moe sat i styret for Det Norske Samlaget i 1889–1900, i redaksjonen for Syn og Segn i 1894–1900 og var ein av dei viktigaste medarbeidarane til Rolfsens lesebok, som kom med første bandet i 1892. Han var med og bygde opp Norsk Forfatterforening, som vart skipa i 1893, var med og skipa Norsk folkemuseum i 1894, der han sat i styret til han døydde, og var med og grunnla det meir enn vaklevorne tidsskriftet Norvegia, som kom med eitt dobbeltband i perioden 1884–1908, der Johan Storm la fram den lydskrifta som seinare vart brukt i norsk målføreforsking.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Brynjulf Alver: Draumkvedet. Oslo 1971
  • Gudleiv Bø og Magne Myhren: Draumkvedet. Diktverket og teksthistoria. Oslo 2002
  • Hjalmar Falk: «Moltke Moe. Et mindeord av Bymaalslagets formand», Maal og Minne. 1914
  • Jorunn Fløtra: Moltke Moe som folklorist. Oslo 1995
  • Kristian Ihle Hanto: Ideologiar i norsk målreising. Oslo 1986
  • Knut Liestøl: Moltke Moe. Oslo1949
  • Randi Lund: «Sin fars sønn og vel så det», Apollon. 1996
  • Moltke Moe: Samlede skrifter. Oslo 1925–1927

Faktaboks

Moltke Moe
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036392062127

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg