Hopp til innhold
Foto: Hans Jørgen Brun/ Regjeringa
Foto: Hans Jørgen Brun/ Regjeringa
X
Innhald

Monica Mæland

Monica Mæland, jurist, byrådsleiar i Bergen og kommunal- og moderniseringsminister for Høgre.

Monica Mæland er fødd 6. februar 1968 i Bergen i Hordaland og voks opp i Arendal i Aust-Agder. Ho gjekk på Arendal gymnas i 1984–87 og blei cand.jur. ved Universitetet i Bergen i 1994. I 1994 var ho EU-sekretær i Hordaland Høgre, og fram til 1999 arbeidde ho som advokatfullmektig med eigen praksis. Ho var kommunalråd i Bergen kommune i 2000–03 og byrådsleiar i 2003–13, før ho tok over som næringsminister i Noreg i Solberg-regjeringa i 2013. Frå 2018 er ho kommunal- og moderniseringsminister.
Mæland var leiar i Arendal Unge Høgre i 1984–85 og nestleiar i ungdomsorganisasjonen i Aust-Agder i 1986–87. Ho var 1. nestleiar i Hordaland Høgre i 1997–2002, fylkesleiar og medlem av sentralstyret i partiet i 2002–04 og frå 2010. Ho blei vald inn i bystyret i Bergen som representant for Høgre for perioden 1999–2003 og var nestleiar for bystyregruppa til partiet og kommunalråd. Ho var vararepresentant til Stortinget for Hordaland Høgre i 2001–05. Frå 2003 til 2013 var ho byrådsleiar i Bergen og hadde ansvaret for å rydde opp i den dårlege kommuneøkonomien i byen.
Mæland var ein byrådsleiar med mykje erfaring, handlekraft, integritet og arbeidskapasitet. Som næringsminister vil ho arbeide for å tryggje arbeidsplassar og skape nye.
Mæland var leiar av Kommunanes Sentralforbunds storbynettverk, styreleiar i Vest-Norges Brusselkontor AS i 2007–13 og styreleiar i Bergensalliansen i 2011–13.
Kjelder
Artikkel om Monica Mæland på snl.no: http://snl.no/Monica_M%C3%A6land [lesedato 20.10.2013]
Om Monica Mæland på nettsidene til Høgre, hoyre.no: https://hoyre.no/personprofiler/m/m/monica-maeland/ [lesedato 23.1.2019]
Peikarar

«– Mæland blir næringsminister», nrk.no

Først publisert: 21.01.2014
Sist oppdatert: 23.01.2019