Hopp til innhold
X
Innhald

Muhammad

Muhammad er arabisk og tyder "den høglova". Profeten heitte eigentleg Muhammad ibn Abd Allah og levde frå om lag 570 til 632.
 
Muhammad var fødd i Mekka, var profet, statsleiar og den som grunnla islam. Han utvandra frå fødebyen Mekka til Medina i 622, året som er utgangspunkt for den islamske tidsrekninga. Openberringane til Muhammad er samla i Koranen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 09.05.2014