Hopp til innhold
X
Innhald

Nevill Francis Mott

Sir Nevill Francis Mott, 1905–96 var britisk fysikar. Han fekk nobelprisen i fysikk i 1977 saman med P.W. Anderson og J.H. Van Vleck for banebrytande forsking på magnetiske og elektriske eigenskapar til ikkje-krystallinske (amorfe) halvleiarar. Mott blei adla i 1962.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.12.2011
Sist oppdatert: 01.12.2011