Hopp til innhold
X
Innhald

Nicholas Møllerhaug

Nicholas Møllerhaug, skribent, programsjef, musikar og initiativtakar til fleire nyskapande musikkfestivalar og musikalske konsept.
Møllerhaug er fødd 8. oktober 1974 og er oppvaksen i Tysvær i Rogaland. Han har studert ved Universitetet i Bergen og har elles bakgrunn frå musikkmiljø i Haugesund og Bergen. I 2000-åra har han vore aktiv i ei rekkje prosjekt og mindre festivalar for ny, eksperimentell musikk, til dømes Safe as Milk i Haugesund (1999–2009) og Trollofon (2001–2006), og dessutan i radiostasjonen Pilota.fm og Klubb Pilota i Bergen.
 
I åra 2002–2003 var Møllerhaug leiar for Ny Musikk i Bergen og hadde ansvaret for festivalen Music Factory. I perioden 2004–2008 var han festivalsjef for Borrealis, som opplevde ein stor vekst i publikumstilstrøyminga under leiarperioden hans, takka vere kombinasjonen av rimelege billettar og eit nyskapande program, som kryssa dei tradisjonelle grensene for kunstmusikken. Som døme kan ein nemne tungrock i Bergen domkirke og konsertar på Bergen travpark.
 
I 2008 byrja Møllerhaug i stillinga som programsjef for Festspillene i Bergen. Som musikar har han vore med i fleire kor, amatørorkester og i elektronikagruppa Alog. Han har skrive for ei rekkje aviser og tidsskrift, mellom anna Dag og Tid, og som skribent har han særleg vore oppteken av arkitektur.
 
Kjelder
Agnes Ravatn: «Harmonisk støysendar», Dag og Tid 27.03.2008 
 
Peikarar

Først publisert: 03.02.2010
Sist oppdatert: 26.08.2010