Hopp til innhold
X
Innhald

Nils Petter Molvær

Nils Petter Molvær, fødd 1960, er jazzmusikar med trompet som instrument. Molvær har vore med i Masqualero frå 1982, og er ein av dei fremste trompetistane i Noreg. Han har også komponert mykje musikk, mellom anna for film, og han oppnådde stor suksess med den første plata i eige namn, Khmer (1998). For denne fekk Molvær Spellemannprisen og internasjonal suksess.
Vidare kom Solid Ether (2000, Spellemannprisen) og Er (2005, Spellemannprisen). I 2003 fekk han Buddy-statuetten.
Sjå Nils Petter Molvær Song of Sand:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 20.11.2013
Sist oppdatert: 20.11.2013