Faktaboks

Nils Rustung Mugaas
Fødd
4. mars 1921, Ullensvang
Død
15. juni 1992

Nils Rustung Mugaas var ein norsk fagforeiningsleiar, embetsmann og lensmannsbetjent. Han var formann i Statstenestemannskartellet frå 1969 til 1974 og Statens personaldirektør frå 1974 til 1990.

Mugaas deltok i motstandskampen under andre verdskrigen, i gruppa Bjørn West. Etter krigen var han først lensmannsbetjent i Øystese, før han gjekk ut av Politiskulen i 1948. Han engasjerte seg tidleg i fagforeiningsarbeid, og var nestformann i Lensmannsbetjentenes Landslag i perioden 1953–1955, og var formann for same organisasjon i perioden 1956–1964.

I 1964 blei Mugaas vald sekretær i Statstenestemannskartellet (noverande LO Stat), der han i 1968 blei nestformann, og frå 1969 formann. Han hadde dette vervet til 1976. Då blei han utnemnd som Statens personaldirektør, ei stilling han hadde til oppnådd pensjonsalder i 1990.

Mugaas var òg aktiv i Arbeidarpartiet på lokalt nivå, og var medlem av Kvam kommunestyre i 1956–1959.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg