Hopp til innhold
Oddny Miljeteig (2017). Foto: SV Sosialistisk Venstreparti, Flickr.com (pressefoto).
Oddny Miljeteig (2017). Foto: SV Sosialistisk Venstreparti, Flickr.com (pressefoto).
X
Innhald

Oddny Miljeteig

Oddny Irene Miljeteig, sosionom, politikar, nestleiar i Sosialistisk Venstreparti (SV) 2015–17, er den som har verva flest medlemer til Noregs Mållag, og som stod bak slagordet «Tal dialekt – skriv nynorsk!»

Oddny Miljeteig er fødd 5. oktober 1954 på Tøsse i Etne kommune i Hordaland og er busett i Bergen. Ho tok vidaregåande skule ved Odda gymnas i 1970–73 og sosionomutdanning i Oslo. Under og etter sosionomutdanninga arbeidde ho i Noregs Mållag. I 1982 flytta ho til Bergen og arbeidde på sosialkontor fram til 1993, då ho blei tillitsvald i Fellesorganisasjonen i Hordaland.

Miljeteig blei vald inn i bystyret i Bergen ein periode i 1990-åra og på nytt i 2003–19, og ho har vore gruppeleiar for SV si bystyregruppe heile perioden. Miljeteig var kommunalråd i Bergen i 2003–11, først som leiar av oppvekstkomiteen og deretter som leiar av helse- og sosialkomiteen. I 2011–15 var ho nestleiar i kultur- og næringskomiteen i Bergen. Ho var vararepresentant til Stortinget i 2001–05 for Sosialistisk Venstreparti frå Hordaland. I 2015–17 var ho nestleiar i partiet.

Miljeteig melde seg inn i Sosialistisk Folkeparti (seinare SV) som 14-åring og blei politisk aktiv då ho gjekk på vidaregåande skule, på grunn av målsaka. Dei siste åra har ho verva nærmare 500 medlemer til Noregs Mållag.

Politisk frontar ho asylpolitikk, målsak og 6-timars arbeidsdag, og ho er ein forkjempar for dei utstøytte og dei svakaste. Ho er ein profilert politikar, engasjert og tydeleg, og ho er populær og respektert i partiet sitt.

Ho har vore aktiv i målrørsla, kvinnerørsla og fagrørsla i ei årrekkje og var medlem av styret for Universitetet i Bergen i 2009–17. Miljeteig er fast spaltist i Bergensavisen.

Kjelder

Ragnhild Heyerdahl: «Kjerringa som ingen kunne målbinde», fagbladet.no, publisert 24.6.2015: http://fagbladet.no/nyheter/kjerringa-som-ingen-kunne-malbinde-6.91.223551.bcf99e104d [lesedato 27.8.2017]

Alf Skjeseth. «Mor go’hjarta», klassekampen.no, publisert 7.3.2015: http://www.klassekampen.no/article/20150307/PLUSS/150309825 (krev innlogging) [lesedato 27.8.2017]

«Den gode samtalen med Oddny Miljeteig», podkast på acast.com: https://www.acast.com/bobcast/65-den-gode-samtalen-med-oddny-miljeteig [lesedato 27.8.2017]

Peikarar

Even Norheim Johansen og Per Vidar Raunholm: «– Vestlandsregionen ein fallitt utan nynorsk», nrk.no 

Solfrid Langeland: «Hjemme hos Oddny Miljeteig», ba.no 

Noregs Mållag: «Takk, Oddny Miljeteig», nm.no 

Simen Sundfjord Otterlei og Halvor Folgerø: «No har kreftsjuke Oddny Miljeteig fått trua på livet», nrk.no 

«Oddny Miljeteig meiner», sv.no

Først publisert: 06.09.2017
Sist oppdatert: 07.09.2017