Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Ola Borten Moe

Ola Borten Moe, nestleiar i Senterpartiet frå 2011 og tidlegare olje- og energiminister og stortingsrepresentant frå Sør-Trøndelag.

Ola Borten Moe er fødd i Trondheim 6. juni 1976. Han er utdanna agronom, med statsvitskap og historie mellomfag som tilleggsutdanning. Han driv garden Skjefstad vestre i Trondheim kommune. Per Borten (1913–2005), statsminister (Sp) frå 1965 til 1971, er morfar til Ola Borten Moe.
Borten Moe var stortingsrepresentant for Senterpartiet frå Sør-Trøndelag  2005–13, og han var vararepresentant i 2001–05. Han var olje- og energiminister 2011–13. Sidan 2011 har han vore nestleiar i Senterpartiet.
Borten Moe er ein omstridd politikar, ikkje minst i den norske miljørørsla, men også venstresida i hans eige parti er urolege for at Borten Moe skal flytte partiet lenger til høgre. Han har tidlegare signalisert eit ønske om meir sentrumspolitikk og meir samarbeid med dei to sentrumspartia Venstre og Kristeleg Folkeparti. Samtidig har han kome med utsegner som viser skepsis til tidlegare regjeringspartnar SVs miljøpolitikk. Både internt i eige parti og i regjeringa har han vekt oppsikt ved å ta til orde for meir olje- og gassutvinning på norsk sokkel, også i nord, fordi han meiner at fossile energiberarar vil kome til å spele ei heilt sentral rolle når det gjeld å dekkje energibehovet i verda i fleire tiår framover.
Han har lenge vore sedd på som ein naturleg leiarkandidat i Senterpartiet når Liv Signe Navarsete trekkjer seg. Difor vekte det oppsikt då han sa frå seg attval som stortingsrepresentant til valet i 2013, men han held likevel fram som nestleiar i partiet. Før han vart vald inn på Stortinget, var han i mange år sentral i lokalpolitikken i Trondheim.
Kjelder
Ola Borten Moe, biografi, regjeringen.no: http://www.regjeringen.no/nb/dep/oed/dep/olje--og-energiminister-ola-borten-moe.html?id=635164 [lesedato 6.4.2013]

Først publisert: 06.04.2013
Sist oppdatert: 28.05.2014