Hopp til innhold

Ola Mestad

Ola Mestad, jurist og målmann. I 1990-åra var han gjennom fleire år styreleiar både i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget og i Stiftinga Det Norske Samlaget.
Ola Mestad er fødd 8. desember 1955 i Oslo. Han tok examen artium på Berg gymnas i Oslo i 1974, på reformgymnas. Han var ferdig utdanna jurist i Oslo i 1984. Året etter leverte han ei lisensiatavhandling med tittelen «Om Statoil og statleg styring og kontroll». Doktoravhandlinga frå 1992 heiter «Om force majeure og risikofordeling i kontrakt» og er ein teoretisk og prinsipiell studie av funksjonen av såkalla force majeure-reguleringar i ulike typar kontraktsforhold.
 
Mestad er i dag professor dr. juris i rettsvitskap ved Senter for europarett og Avdeling for petroleums- og energirett ved Universitetet i Oslo og advokat i BA-HR. Her har han særleg arbeidd med petroleumssektoren. No arbeider han hovudsakleg med internasjonal handels- og investeringsrett, i tillegg til petroleumsrett, kontraktsrett og EU-rett. Mestad har i tillegg arbeidd med korrupsjonsproblemstillingar. Han er òg nestleiar i Etikkrådet for Statens pensjonsfond utland.
 
Ola Mestad gjekk inn som styremedlem både i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget og i Stiftinga Det Norske Samlaget i 1985 og var medlem i begge styra til 1999. I denne tida var han styreformann (no heiter det leiar) i Litteraturselskapet frå 1994 til 1999, medan han var formann i Stiftinga frå 1991 til 1999. Delar av denne perioden var han oppnemnd av Kulturdepartementet. Mestad sat elles som medlem av styret i Fonna Forlag i 1980-åra og leiar av Juristmållaget i 1980–1983. Han har vore medlem av redaksjonsrådet i Syn og Segn sidan 2006 og er styreformann i Dag og Tid frå 2005.
Mestad har hatt ei rekkje akademiske og offentlege verv og har publisert fleire bøker og artiklar. Frå 2003 har han vore styremedlem i Aschehoug forlag. Mestad har òg vore med i redaksjonsrådet i Samtiden i perioden 2001–2006 og sat i styret for markeringa av Ibsen-året 2006. Interessa for historie har gitt seg utslag i større verk som Rett, nasjon, union. Den svensk-norske unionens rettslige historie 1814–1905 (saman med Dag Michalsen, 2005) og Anton Martin Schweigaard. Professorpolitikeren (2009). I tillegg har Mestad skrive om ulike emne som næringsfridom i 1814-grunnlova (2008) og om bygginga av Kulleseidkanalen på Bømlo (2009).
Kjelder

Først publisert: 26.03.2010
Sist oppdatert: 26.03.2010