Hopp til innhold

Olav Midttun

Olav Midttun, litteraturforskar og riksprogramsjef. Han skulle vikariere som redaktør i Syn og Segn i eitt år, og blei verande der i 52 år.

Midttun var fødd i Kvinnherad 8. april 1883 og døydde 5. januar 1972. Han blei cand.philol. i 1910 og var dosent i landsmål ved Universitetet i Oslo 1917–34. Han var riksprogramsjef i NRK 1934–47, med overlapping i tid som professor i nynorsk dikting og målbruk ved Universitetet i Oslo 1940–45 og 1947–53.
 
Han var ein glimrande stemnetalar og ein særs aktiv publisist, som særleg og gjerne skreiv om A.O. Vinje. Han redigerte utgåver av Vinjes skrifter og brev og av Lølands skrifter, og i 52 år, frå 1908 til 1960, redigerte han tidsskriftet Syn og Segn.
 
Midttun var formann i Noregs Ungdomslag 1919–26, i Det Norske Samlaget 1919–26 og 1929–34, og han var med i den faste departementale rettskrivingsnemnda for nynorsk 1921–53. Han var æresmedlem i Det Norske Samlaget.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Olav Midttun: Livsminne. Oslo 1971

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 05.07.2013