Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Moe

Olav Moe, 1872–1967, var spelemann på hardingfele. Moe kom frå Vestre Slidre i Valdres og var blant dei beste på kappleikane ved byrjinga av 1900-talet. Han heldt konsertturnear i både inn- og utland, mellom anna i USA. Moe var også politikar for Venstre, gardbrukar, målmann og redaktør. Dessutan var han ein dyktig forteljar i munnleg så vel som skriftleg form. Moe gav ut Livsverke mitt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.11.2013
Sist oppdatert: 19.11.2013