Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Mosdøl

Olav Mosdøl, lærar, forfattar og lyrikar knytt til Setesdal og Telemark. Han står bak meir enn 25 utgivingar i ulike sjangrar. Mange av tekstane hans er tonesette.

Olav Mosdøl er fødd 10. februar 1937 i Bykle og er busett i Kviteseid. Han er utdanna lærar ved Kristiansand lærerhøgskole 1958–60 og studerte norsk, kroppsøving og historie ved Universitetet i Oslo 1962–65 og 1980–81. Han arbeidde i ungdomsskulen i Lillesand og Birkenes frå 1960 og som lærar, undervisningsinspektør og rektor på Kvitsund Gymnas 1976–99, og som forfattar på heiltid sidan.
Mosdøl har gitt ut bøker i ulike sjangrar: lyrikk, biletbøker, sakprosa, salmar, spel og skodespel. Han debuterte med diktsamlinga Kvite symrer i 1977. Den uttrykksfulle og originale forma i samlinga I Lydeskar frå 1979, som handlar om å høyre til, gav han eit gjennombrot som forfattar. Mosdøl er knytt til miljøet i Setesdal og Telemark, men diktinga er vidare enn heimstaddikting. Emna er røter, samanhengar, levd liv, menneske og Gud, og der er mykje musikk i dikta hans. Røter (dikt i utval) blei utgitt i 2006.
Mange av dikta hans er tonesette av komponistar som Knut Nystedt, Vidar Hansen, Sigvald Tveit, Sondre Bratland og Gunstein Draugedalen. Mosdøl er tekstforfattar på ei rekkje CD-ar, mellom anna Sylvdropan (1992) og Songen frå Sion (2006).
Mosdøl er leiar i styret for Kviteseid bygdetun og er representant for Kristeleg Folkeparti i Kviteseid kommunestyre (1999–2015). Han var varaordførar frå 2007 til 2011.
Han har fått NRK Telemarks diktpris (1984), Målprisen i Setesdal (1991), Bykle kommunes kulturpris (1997), Emmausprisen (2006) og Kviteseid kommunes kulturpris (2007).
Kjelder
E-post frå Olav Mosdøl 17.10.2011
Olav Mosdøl, nettstad, sist oppdatert april 2008, http://www.mosdol.no/ [lesedato 8.10.2011]
Olav Mosdøl, omtale på Telemarksportalen, http://www.telemarksportalen.no/forfattere/mosdøl-olav [lesedato 8.10.2011]

Først publisert: 24.01.2012
Sist oppdatert: 05.03.2012