Hopp til innhold
Olav Myre. Teikningen er kalla "Olav Myre i sin hule". Teiknaren er ukjend. Biletet er nytta etter avtale med Hardanger og Voss museum.
Olav Myre. Teikningen er kalla "Olav Myre i sin hule". Teiknaren er ukjend. Biletet er nytta etter avtale med Hardanger og Voss museum.
X
Innhald

Olav Myre

Olav Myre, pressemann og boksamlar. Han skreiv bøker og avisartiklar om kjende og lite kjende emne frå bokkulturen.

Olav Myre var fødd i Trondheim 17. oktober 1878 og døydde i Oslo 12. april 1954. Etter folkeskulen arbeidde han som visargut, som kontorhjelp på sakførarkontor og som journalist, før han tok handelsskuleeksamen i 1902 og vart tilsett i trondheimsavisa Dagsposten. I 1904–05 studerte han i Storbritannia og Tyskland. Deretter slo han seg ned i Kristiania og arbeidde i Ørebladet frå 1907.
I 1910 starta han Myres Pressebyrå, som etter kvart leverte stoff til hovudstadsavisene i konkurranse med NTB. I 1918 tok byrået òg til å formidle annonsar og reklame. Han dreiv byrået fram til 1935, då sonen Odd tok over og firmaet skifta namn til Myres Reklamebyrå.
Myre var korrespondent for United Press 1925–44. Han gav ut fleire bøker om forfattarar, bokkunst og pressehistorie, mellom anna Johan Herman Wessel på strøket og i bibliofilien (1942), Presten og trykkeren (1943 og 1945) og Svunne tiders sensasjoner. Streiftog gjennom norsk pressehistorie (1944). Han var ein ivrig boksamlar, ein bibliofil, hadde ei stor samling og skreiv avisartiklar om kjende og mindre kjende bokemne. I mange år hadde han «bokkronikkar» i Aftenposten.
Myre var med og skipa Trondhjems Journalistklubb i 1903, og han var medlem av styret i Bibliofilklubben 1921–23 og formann 1931–32 og 1943–44. I perioden 1930–36 var han styremedlem for Norsk Bokkunst. Han hadde også verv i Norsk Presseforbund.
Kjelder
Artiklar av og om Olav Myre i Aftenpostens arkiv
Grete M. Myre Bjørnstad: «Olav Myre», Norsk biografisk leksikon, bd. 6. Oslo 2003
Olav Myre. En bibliografi. Utgitt i anledning av hans 65-årsdag den 17.oktober 1943. Oslo 1943
Olav Myre. Festskrift til hans 70-årsdag utgitt av venner. Oslo 1948
Olav Myre: Svunne tiders sensasjoner. Streiftog gjennem norsk pressehistorie. Oslo 1944

Først publisert: 25.11.2011
Sist oppdatert: 25.11.2011