Hopp til innhold
Foto: Norske Samers Riksforbund, Flickr.com CC BY
Foto: Norske Samers Riksforbund, Flickr.com CC BY
X
Innhald

Ole Henrik Magga

Ole Henrik Magga, samisk språkforskar og politikar.

Ole Henrik Magga er fødd i 1947 i Guovdageaidnu/Kautokeino. Han vart Dr. Philos. i 1986 og var formann i Norske Samers Riksforbund i åra 1980–85.
Magga var med på å stifte Rådet for urfolk, WCIP, i Canada i 1976 og har vore delegat på fleire WCIP-konferansar.
Han var den første presidenten på Sametinget i åra 1989–97.
I 1987 vart han professor ved Universitetet i Oslo. I 1990 vart han høgskuledosent ved Samisk høgskule i Kautokeino og professor frå 1997. Magga er medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1993. I åra 1992–95 var han medlem av den FN-oppnemnde verdskulturkommisjonen, Worlds Commission on Culture and Development. I 2002 vart han valt som den første leiaren for UN Permanent Forum on Indigenous Issus, det permanente FN-forumet for urfolk.

Først publisert: 29.04.2014
Sist oppdatert: 29.04.2014