Hopp til innhold
Olga Meyer. Foto: NRK/ Ola Kaland. Nytta etter avtale med NRK.
Olga Meyer. Foto: NRK/ Ola Kaland. Nytta etter avtale med NRK.
X
Innhald

Olga Meyer

Olga Meyer, programmedarbeidar NRK.
Meyer var fødd i Fana 8. august 1930 og døydde 27. august 2018. Etter nokre år som lærar og til sjøs tok ho eksamen ved Volda lærarskule i 1967. Ho var på ny lærar eit par år, før ho i 1969 blei programmedarbeidar i NRK Radio. Der arbeidde ho i samfunnsavdelinga 1969–93 og i Oslo-redaksjonen i P1 1993–2000. Ho arbeidde med anna i programmet Sånn er livet.
 
Ho var leiar i Mediemållaget 1992–94 og har vore ein usliteleg deltakar i målpolitisk arbeid. Mellom 1996 og 2000 gav ho ut fire bøker i serien Dyrehistorier, som ho samla inn i NRK-programmet Nitimen.

Dyrehistorier i Nitimen
Dei mange breva som har kome inn til Nitimen fortel om nære og sterke band mellom dyr og menneske. Dei fortel om menneske med opne sinn og kjærleg hand, og dei fortel om dyr som kvitterer med tillit, kjæte, glede, klokskap, sjølvrespet – og uendeleg truskap.

Det er hunden som legg seg i vegbanen i Valdres framfor den leikande toåringen for å vera vern mot bilane. Det er hesten som ikkje vil ut på den islagde Gudbrandsdalslågen og dermed reddar livet både for seg sjølv og kusken. Det er kattane i Stavanger som kjenner svilukt, vekkjer tobeiningane i dobbeltsenga og med det bergar hus og heim. Det er kua Fargo i Rauland som vert så rørt når matmor hennar syng at ho gløymer å eta. Og det er fjøsrøktarvikaren som ikkje trur at song kan gjera slikt inntrykk – før han sjølv får prøva seg for Fargo.

Frå forordet i Olga Meyer: "Dyrehistorier i Nitimen", Det Norske Samlaget 1996. Les heile boka på Bokhylla.no
 
Meyer fekk Kringkastingsprisen i 1981 og blei heidersmedlem i Noregs Mållag i 2000.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 28.08.2018