Hopp til innhold
X
Innhald

Olivier Messiaen

Olivier Messiaen [mesiã], 1908–92, var fransk komponist. Musikken hans er prega av innvikla rytmiske mønster. Imitasjon av fuglesong inngår i mange av verka, mellom anna i Turangalila-symfoni, Oiseaux exotiques og 20 regards sur l’enfant Jésus. Messiaen skreiv også fleire orgel- og klaververk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 03.05.2014