Hopp til innhold

Øyonn Groven Myhren

Øyonn Groven Myhren, komponist, kvedar, lyre- og seljefløytespelar frå Oslo, med allsidig repertoar og med balladar som spesialitet.

Øyonn Groven Myhren er fødd 8. august 1969 i Oslo og arbeider i dag som frilansmusikar. Ho lærte kveding først av mor si, Dagne Groven Myhren, medan ein seinare læremeister har vore Hagny Huso frå Vinje, som blei musikalsk «fadder» for henne i samband med tildelinga av Sagaprisen i 1996. Ho har toårig kvedarutdanning frå Ole Bull-akademiet på Voss (1998–2000) og har i tillegg studert ved Riksteaterets elevskule og Universitetet i Oslo (etnologi/folkloristikk).
Sentralt i repertoaret til Groven Myhren står balladane, noko ein kan høyre på plata Gullveven. Mellomalderballadar (2008). I tingingsverket hennar til Telemarkfestivalen 2009, «Runartromma», har ho sett ny musikk til tradisjonelt balladestoff. Som soloartist har ho òg gitt ut Akkedoria frå Kristiania (2003), ei plate med slåttetralling.
Groven Myhren har vore med i fleire grupper og prosjekt, mellom anna kvedarlaget Dvergmål (to plateutgivingar, 1996 og 2004) og mellomalderensemblet Aurora Borealis (plate 1997). Saman med Odd Nordstoga komponerte ho i 2001 musikk til Aslaug Vaas diktsyklus «Nivelkinn», og plateutgivinga blei heidra med spelemannsprisen (2002). Som kvedar vann ho A-klassa på landskappleikane i 1997 og 1998, og i tillegg til Sagaprisen fekk ho i 1996 Norsk folkemusikkpris.
Kjelder
Vibeke Hollekim: «Huldra frå Grünerløkka», Aftenposten 6.7.1998
Tore Skaug: «'Eg song på intuisjonen, eg song i vilden sky!' Samtale med kvedaren Øyonn Groven Myhren», Årbok for norsk folkemusikk. Oslo 1999
Veronica Karlsen: «Sjelden trall på trikken», NTB 15.1.2004
Øyonn Groven Myhren, presentasjon på folkemusikk.no, http://www.folkemusikk.no/myhren-oyonn-groven.4646154-146036.html [lesedato 1.3.2011]

Først publisert: 16.09.2011
Sist oppdatert: 16.05.2013