Hopp til innhold
X
Innhald

Palle Mikkelborg

Palle Mikkelborg, fødd 1941, er dansk jazzmusikar på trompet, orkesterleiar og komponist. Mikkelsborg har vore sentral for moderne nordisk jazz, og han har samarbeidd med fleire norske musikarar, som Karin Krog, Jan Garbarek og Terje Rypdal. I tillegg har han gitt ut plater og komponert mellom anna suiten Aura (1985) med Miles Davis som solist. Palle Mikkelsborg fekk Nordisk Råds musikkpris i 2001.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 03.05.2014