Hopp til innhold
X
Innhald

Paul McCartney

Sir Paul McCartney, fødd 1942, er engelsk popmusikar, songar, bassist og komponist. Som medlem av The Beatles skreiv han dei fleste av melodiane saman med John Lennon.
Etter at The Beatles vart løyst opp i 1970, er han den av medlemmene som har hatt størst suksess som komponist og musikar, først saman med kona Linda (1941–98), og seinare med gruppa Wings og som soloartist. McCartney har komponert den kanskje største klassikaren i etterkrigstida, «Yesterday».
 
I 1997 vart han adla.
 

Foto: "Across the univers" Flickr.com CC BY-NC-SA

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 26.05.2014