Hopp til innhold
X
Innhald

Peder Morset

Peder Olsen Morset, lærar, klokkar og bonde. Morset var aktiv i motstandsarbeidet under den tyske okkupasjonen av Noreg, vart hardt torturert av Gestapo og til slutt avretta.

Peder Morset var fødd 4. april 1887 i Selbu i Sør-Trøndelag og døydde 19. mai 1943 i Trondheim. Han var utdanna lærar frå Levanger lærarskule i 1908.
Frå 1908 til 1912 var Morset lærar i Græsli og Stugudal krinsar i Tydal. I 1912 vart han tilsett ved Mebond skule i Selbu, og her arbeidde han fram til han døydde. Året før hadde Morset gått inn i stillinga som klokkar ved Selbu kyrkje, også på denne posten stod han livet ut. I 1930 kjøpte han garden Klegset (Kleset).
I 1922 vart Peder Morset vald inn i det første soknerådet i Selbu, og han var medlem her i til saman seks periodar. I november 1940 vart han vald til formann i det lokale lærarlaget. Laget vart nedlagt i juni 1941, etter at alle medlemene hadde meldt seg ut i protest mot NS-styresmaktene. Organisasjonen gjekk over til å drive illegal motstandsverksemd. Morset var kontaktperson for den lokale lærarfronten fram til hausten 1942.
På grunn av motstanden Peder Morset viste mot NS og tyskarane, vart han og 35 andre lærarar frå Trøndelags-fylka arresterte våren 1942. Dei vart sende til tvangsarbeid på Ørlandet og seinare til fangeleiren Falstad. I slutten av april vart dei sette fri.
Morset var òg engasjert i arbeidet med å frakte flyktningar over til Sverige. Denne aktiviteten vart til slutt avslørt av Gestapo, som gjekk til aksjon mot Klegset natt til 1. mars 1943. Morset-familien flykta frå garden. 2. mars vart Peder Morset og sønene Oddmund og Helge innhenta på Heggensetra ved Østrungen.
Peder Morset vart frakta til Gestapo sitt hovudkvarter i Trondheim. Her vart han torturert i fleire døgn, og til slutt fengsla. Han vart dømd til døden og avretta på Kristiansten festning.
Kjelder
Lars Borgersrud: «Morset, Peder», i Hans Fredrik Dahl ofl. (red.): Norsk Krigsleksikon 1940–1945. Oslo 1995
Per Hansson: – og tok de enn vårt liv. Oslo 1963
Kjell Haarstad: «Krig og okkupasjon 1940–1945», i Kjell Haarstad: Selbu i fortid og nåtid, bd. 2. Selbu 1977
Kjell Haarstad ofl.: «Kleset», i Kjell Haarstad ofl.: Selbu i fortid og nåtid, bd. 6. Selbu 1992
O.P. Kolset ofl.: Selbu lærerlag 1864–1964. Melhus 1967
Reidar Kyllo: Kirke og kristenliv i Selbu. Selbu menighetsråd 1978
Hans Melien: «Natt etter natt med knugende skyldfølelse», i Hans Melien: De kjempet for vår frihet. Oslo 1979
Haldor Morset (red.): Motstandskamp 1940–1945 i Neadalføret. Selbu 199
Arne Ording ofl. (red.): Våre falne 1939–1945. Oslo 1949
Bodil Uthus: Historien om Helge Morset. Oslo 1995
Peikarar

Først publisert: 25.09.2013
Sist oppdatert: 25.09.2013