Hopp til innhold
X
Innhald

Philip Melanchton

Philip Melanchton, 1497–1560, var tysk reformator og humanist, Luthers nære ven og medarbeidar. 

Frå 1518 var han professor i Wittenberg. Melanchton gav ut den første reformasjonsdogmatikken i 1521, Loci communes, og forfatta Den augsburgske konfesjonen, Confessio Augustana, til riksdagen i Augsburg i 1530. 

Etter kvart tok han noko avstand frå Luther i læra om predestinasjonen, rettferdiggjeringa og nattverden. Melanchton var òg mildare stemt overfor den romersk-katolske kyrkja enn Luther.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 31.10.2017