Faktaboks

Reidar Morset
Fødd
27. juni 1918, Selbu, Trøndelag
Død
7. mai 2001
Reidar Morset (1972)

Reidar Morset viser fram gymnastikkøvingar. Foto frå 1972.

Av /NTNU Universitetsbiblioteket.
Lisens: CC BY SA 4.0

Reidar Morset var lærar og med i motstandsrørsla under andre verdskrig. Etter krigen vart han skulesjef og skapte radiohistorie med programmet Morgongymnastikken.

Bakgrunn

Reidar Morset var fødd i Selbu i Trøndelag. Han tok lærarutdanning ved Levanger lærarskule frå 1940, og arbeidde deretter som lærar.

Under andre verdskrig var Morset aktiv i motstandsrørsla. I 1943 måtte ein av brørne bøte med livet i eit fluktforsøk frå gestapistar og folk frå Rinnanbanden. Faren, Peder Morset, vart torturert og avretta. Morset flykta på ski frå Levanger til Sverige og heldt fram med motstandsarbeidet derifrå. Per Hanssons dokumentarroman Og tok de enn vårt liv (1963), der Morset er ei av kjeldene, er eit viktig bidrag til krigshistoria.

I 1947 var han leiar i Neadal Ungdomssamband, og deretter styremedlem der i tre år.

NRK-karriere og forfatterskap

Morset var radiomedarbeidar i NRK på frilansbasis frå 1949 til 1982. I 1949 starta Morset radioprogrammet Morgongymnastikken. Han instruerte øvingane på dialektprega nynorsk. Programmet hadde ei intim form, og representerte noko nytt i norsk radiohistorie.

Morset har skrive tre bøker. Gymnastikk i klasserommet (1965) vart populær, og kom i ny utgåve og på nynorsk i 1968. Historia åt Neadal Ungdomssamband (1991) gir eit bilete av kulturinnsatsen sambandet gjorde. Morset har òg skrive ei jubileumsbok om Selbu Sparebank.

Frå 1968 var Morset skulesjef i Selbu. Han fekk Kongens fortenestemedalje i sølv i 1988.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Faktaboks

Reidar Morset
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000002804533

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg