Hopp til innhold
X
Innhald

Rolf Myklebust

Rolf Myklebust, musikar og tradisjonssamlar. Han gjorde Folkemusikkhalvtimen i NRK Radio til programmet mange snakka negativt om, men som mange fleire lytta til.

Myklebust var fødd i Stryn 1908 og døydde 1990. Han arbeidde i NRK frå 1952 til 1978, samla inn store mengder tradisjonsmusikk og laga programposten Folkemusikkhalvtimen. Dette gjorde han til ein av dei fremste kjennarane i landet av tradisjonsmusikk og av miljø og utøvarar innanfor denne musikken. Myklebust skreiv ned om lag 600 slåttar og tradisjonsmelodiar og var sjølv ein habil musikar, som debuterte som fiolinist i 1931.

Myklebust studerte ved Musikkonservatoriet frå 1925 og debuterte som fiolinist i 1931. Han var engasjert i Philharmonisk Selskaps Orkester som førstefiolinist frå 1940 til 1952. Han hadde i tillegg eige ensemble frå 1945 til 1952. Han nytta sommarferiane i denne tida til innsamling av slåttar i Nordfjord og på Sunnmøre. Ein fingerskade gjorde at han gav opp karrieren som konsertfiolinist. Myklebust sin bakgrunn som klassisk fiolinist prega også hans oppfatning av folkemusikken. Han kunne såleis leggje ei pute under taktfoten til gamle spelemenn under radio-opptaka. Tramping av takta var unotar, meinte han!

Hovudverket hans i bokform er Femti år med folkemusikk (1982). Han var æresmedlem i Norsk Musikerforbund og Landslaget for spelemenn og fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1978.

Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006


Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Først publisert: 27.10.2011
Sist oppdatert: 01.08.2018