Hopp til innhold
X
Innhald

Sanna Marin

Sanna Mirella Marin, statsvitar og politikar i Finlands sosialdemokratiske parti, Socialdemokraterna (SDP), og statsminister i Finland frå desember 2019. Ho er den yngste statsministeren i Norden nokon gong og den yngste sitjande statsministeren i verda.

Sanna Marin er fødd 16. november 1985 i Helsingfors i Finland og vaks opp i Birkala. Ho tok vidaregåande skule ved Birkala gymnas i 2001–04 og er utdanna master i forvaltning frå universitetet i Tampere i 2017. Tampere er den nest største byen i Finland.

Marin byrja med politikk i 2006, og i 2012 blei ho vald inn i kommunestyret i Tampere for Socialdemokraterna (SDP). Ho var leiar i bystyret i Tampere i 2013–17, og ho er vald til kommunestyrerepresentant fram til 2021. Ho blei vald inn i den finske riksdagen for SDP i 2015 og blei 1. nestleiar i partiet i 2017. Marin blei utnemnd til kommunikasjonsminister i Antti Rinne si regjering 6. juni 2019.

Partileiar og statsminister Antti Rinne trekte seg 3. desember 2019 etter at regjeringspartnaren Centerpartiet kravde at han måtte gå av på grunn av handteringa hans av ein konflikt i postverket, og SDP valde derfor Sanna Marin som ny statsminister. Ho er leiar for ei raudgrøn koalisjonsregjering med fire andre parti, der alle partileiarane og fleirtalet i regjeringa er kvinner. Dei fire andre partia er Centerpartiet, Dei grøne, Vänsterförbundet og Svenska folkpartiet. Marin er den yngste sitjande statsministeren i verda og den tredje kvinnelege statsministeren i Finlands historie.

Socialdemokraterna er det norske Arbeidarpartiet sitt søsterparti. I Finland har det i etterkrigstida vore tre jamstore parti (SDP, Centerpartiet og Samlingspartiet) som har ca. 20 % oppslutning kvar, og til vanleg har to av desse regjert saman. Ved valet i 2019 fekk derimot det høgrepopulistiske partiet Sannfinnane 17,5 % av røystene, men var ikkje med i regjeringsforhandlingane.

Den politiske plattforma til regjeringa er grøn og feministisk, med ein ambisiøs klimapolitikk, der Finland skal bli klimanøytralt innan 2035, og skatten på fossilt brensel og bilar skal auke. Fødselspermisjonen skal bli lenger, sexlova skjerpa, og regjeringa vil styrkje det svenske språket.

 

Kjelder

Riksdagen: «Sanna Marin», eduskunta.fi: https://www.eduskunta.fi/FI/kansanedustajat/Sivut/1297.aspx [lesedato 9.12.2019]

Statsrådet: «Sanna Marin», valtioneuvosto.fi: https://valtioneuvosto.fi/sv/rinne/kommunikationsminister#Personalia [lesedato 9.12.2019]

 

Svein Olav B. Langåker: «Finland får verdas yngste statsminister», framtida.no, publisert 9.12.2019: https://framtida.no/2019/12/09/finland-far-verdas-yngste-statsminister [lesedato 9.12.2019]

 

Peikarar

Thomas Vermes: «Finlands statsminister Antti Rinne går av», abcnyheter.no, publisert 3.12.2019

Morten Elster og Emrah Senel: «Tre store partier i Finland – kan bli brede forhandlinger», nrk.no, publisert 14.4.2019

Odd Inge Skjævesland: «Finland blir rødere med ny regjering», aftenposten.no, publisert 3.6.2019 (krev abonnement)

NTB: «Kvinner i flertall i ny finsk regjering», dn.no, publisert 6.6.2019

Først publisert: 30.03.2020
Sist oppdatert: 30.03.2020