Hopp til innhold
X
Innhald

Sidsel Mørck

Sidsel Mørck er forfattar. Ho har motteke ei rekkje utmerkingar, mellom dei Ossietzky-prisen 2013 for innsatsen for yt­rings­fridomen.

Sidsel Mørck, fødd i 1937, er forfattar. Ho debuterte som lyrikar med samlinga Et ødselt sekund (1967), følgd av mellom anna I forhold til (1973), Byliv (1980) og Vi sover ikke (1997).

Mørck har gitt ut ei rekkje novellesamlingar, først Veven i 1972, seinare mellom anna Lykkehjulet går (1976), Uskyldigheten (1991), Arret og andre noveller (2001) og Det vakre (2009). Romanane Er du ikke glad da? (1974), Stumtjenere (1978) og Ikke til salgs (1983) samt fleire samlingar med barnevers, som Sur og blid-vers (1987) og barnebøker.

Forfattarskapen hennar er prega av eit sterkt samfunnsengasjement. Mørck har òg skrive ein biografi om stebestefaren Dimitri Dimitrivitsj Koloboff med tittelen Pappa – En russisk flyktning (2010). I 1990 fekk ho Fritt Ords honnør og frå 1993 er ho statsstipendiat. Ho har også fått Ossietzky-prisen 2013 for innsatsen for yt­rings­fridomen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.04.2016
Sist oppdatert: 28.04.2016