Hopp til innhold
X
Innhald

Sigmund Olaf Plytt Mowinckel

Sigmund Olaf Plytt Mowinckel, 1884–1965, var teolog og professor ved Universitetet i Oslo i åra 1922–54. Studiane hans av dei gamaltestamentlege salmane og kulten i det gamle Israel fekk epokegjerande mykje å seie for forskinga i Det gamle testamentet.
 
Han gav mellom anna ut Psalmenstudien i seks band frå 1921–24, Han som kommer og Offersang og sangoffer i 1951. Mowinckel gjorde hovudarbeidet med det vitskaplege omsetjinga av Det gamle testamentet til norsk i perioden 1929–63.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.08.2012
Sist oppdatert: 30.08.2012