Hopp til innhold
X
Innhald

Sigrid Terese Moldestad

Sigrid Terese Moldestad, folkemusikar og felespelar som har samarbeidd med ei rekkje andre musikarar. Ho har vunne Spellemannsprisen i kategorien folkemusikk fleire gonger, seinast i 2007 for albumet Taus basert på musikken til kvinnelege felespelarar frå Nordfjord og Sunnmøre.

Moldestad er fødd i 1972 og kjem frå Breim i Gloppen. Ho tok utdanning ved Ole Bull-Akademiet på Voss 1996–98. Ei tid var ho journalist og arbeidde som programmedarbeidar i NRK Sogn og Fjordane og NRK P2 1993–99. Seinare har ho vore frilans musikar og felespelar, med Statens arbeidsstipend for yngre folkekunstnarar i 2001 og 2002.

Moldestad har spela og sunge saman med blant andre Merit Hemmingson, Kandals orkester, Håkon Høgemo og Einar Mjølsnes. Saman med dei to sistnemnde vann ho Spellemannsprisen 2005 for albumet Gamaltnymalt. I 2000 starta ho folkemusikkgruppa Fjøgl saman med Liv Merete Kroken og Unni Løvlid. Året etter heldt Moldestad og Kroken fram i duoen Spindel som har gitt ut album med same namn, og som også spelar saman med Olav Tveitane, Dagfinn Andersen og Ivar Kolve i Spindel band.

Sigrid Terese Moldestad gav i 2014 ut plata Brevet til kjærleiken der ho har tonesett tekstar av Jan-Magnus Bruheim i høve 100-årsjubileet hans.

Musikken til Moldestad er djupt rotfesta i vestnorsk folkemusikktradisjon. Samtidig har ho utvikla eit eige uttrykk der moderne arrangement og rytmar spelar ei viktig rolle.

I tillegg til Spellemannsprisen har Moldestad fått fleire prisar for musikken sin, blant anna fekk ho Folkelarmprisen i 2010 og Fylkeskulturprisen for Sogn og Fjordane same året, og Medaasprisen i 2016.

Høyr songen «Brevet». Tekst: Jan-Magnus Bruheim, musikk: Sigrid Moldestad.

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 29.08.2016