Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd Muri

Sigurd Muri var arkitekt og forfattar. Han arbeidde lenge som konsulent for kyrkjebygg i Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Forfattarskapen spenner frå fagbøker om norske kyrkjer til prosalyrikk og adventssalmen «No tenner vi det første lys».

Sigurd Muri var fødd på Sjøholt i Ørskog 17. juli 1927 og døydde i Asker 25. september 1999. Farfaren, som var lærar og klokkar, hadde teke Muri-namnet med til Sunnmøre frå Olden i Nordfjord. Sigurd Muri tok examen artium ved Eids Gymnas i 1946 og arkitekteksamen ved Norges tekniske høgskole i 1952.

Etter nokre år hos private arkitektar i Kristiansand arbeidde Muri i Oslo resten av karrieren. Han var i Statens byggje- og eigedomsdirektorat frå 1957 til 1972. Deretter gjorde han teneste først som prestegardsinspektør og frå 1982 som kyrkjekonsulent i Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Oppgåvene vart etter kvart konsentrerte til å gjelde rådgiving for alle som planla nye kyrkjebygg, eller som ville gjere endringar i dei gamle. Han gjekk av i 1992.

Muri heldt mange foredrag om tendensar i norsk kyrkjebygging og gav ut fagbøkene Norske kyrkjer (1971) og Gamle kyrkjer i ny tid (1975). Han fotograferte fleire hundre kyrkjer, og bileta er brukte i Norsk kirkeleksikon (1993).

I 1950-åra hadde Muri ein del oppdrag som litteraturkritikar og radiokåsør. Han debuterte med Kom til Granada i 1962 og gav ut i alt seks skjønnlitterære bøker. Dei er forma i grenselandet mellom lyrikk og prosa – med korte tekstar som vert bundne saman til ein heilskap. Som pensjonist skreiv Muri ein serie småstubbar for lokalavisa Bygdebladet. Der formidla han minne frå barndomen med både humor og poeng til ettertanke.

«No tenner vi det første lys» – med eitt vers for kvart av dei fire lysa i adventsstaken – laga Muri på både nynorsk og bokmål i 1963. Songen vart rask populær og er omsett til dansk, svensk, finsk og samisk.

For den sjette og siste av dei skjønnlitterære bøkene, Arvegods (1988), fekk Muri Sunnmørsprisen.

Kjelder

Brev frå Trond Muri 9.4.2018 og e‑post 27.4.2018

Kulturdepartementet, brev frå avdelingsdirektør Torbjørn Backer Hjorthaug 26.4.2018

Louis Giske: Ørskog gjennom tidene, bd. 3: Ættesoga. Sjøholt 1990

Gerhard Kjølås: Ørskog gjennom tidene, bd. 1: Ålmenn-soga. Sjøholt 1964

Peikarar

Sigurd Muri sine tekstar i Oria

Digitaliserte bøker av Sigurd Muri på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 01.08.2018
Sist oppdatert: 01.08.2018