Innhald
Siri Lill Mannes
Siri Lill Mannes, journalist og forfattar. I 18 år var ho journalist og nyhendeanker i TV2, heidra med Kringkastingsprisen for frisk og ledig formidling av nyhende.
Siri Lill Mannes er fødd 29. juni 1970 i Karmøy i Rogaland. Ho tok Forsvarets russiskkurs i 1988 og har studert statsvitskap i USA, har mellomfag i russisk og hovudfag i russisk historie frå Universitetet i Bergen i 1998.
Mannes var utanriksjournalist og seinare nyhendeanker i TV2 frå kanalen vart skipa i 1992. I 2010 slutta ho for å starte si eiga bedrift, Speaklab. Føretaket driv kurs i kommunikasjon og munnleg presentasjon. Mannes er òg ein mykje brukt konferansier og foredragshaldar.
Som utanriksjournalist reiste Mannes til fleire krigssonar i verda og er ein av dei i Noreg som kjenner republikken Tsjetsjenia i Kaukasus best. I 2003 gav ho ut boka Livvakt i helvete. Aleksandr og krigen i Tsjetsjeni, som handlar om konflikten i området. I 2010 debuterte ho som krimforfattar med 66 grader nord.
Mannes fekk Kringkastingsprisen for god nynorsk språkbruk i 2000. Det vart trekt fram at ho hadde ei ledig og frisk formidling av nyhende.
Kjelder
E-post frå Siri Lill Mannes 4.4.2014
Bjørn Olav Hammerstad: «Jesus var ein fantastisk formidlar», Dagen 12.1.2013
Thomas Holst-Hansen: «Ankerkvinnen», Dagbladet Magasinet 30.10.2004
Peikarar
Siri Lill Mannes: «The tale of the wolf. The development and mobilisation of Chechen national identity». Hovudfagsoppgåve i historie, Universitetet i Bergen 1998. Bibsys-lenke
Først publisert: 28.01.2015
Sist oppdatert: 28.01.2015
Sist oppdatert: 28.01.2015