Faktaboks

Sonja Mandt
Fødd
29. mars 1960, Larvik, Vestfold
Sonja Mandt.
Stortinget.

Sonja Mandt er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet som var stortingsrepresentant frå Vestfold 2005–2017.

Bakgrunn

Sonja Mandt er fødd i Larvik. Ho var elev ved Sandefjord handelsgymnasium 1976–1979, tok 1. avdeling jus som privatist 1988–1989 og utdanna seg til sjukepleiar ved Høgskolen i Vestfold (no Universitetet i Sørøst-Norge) 1993–1995.

Mandt var produksjonsmedarbeidar ved Nestlé Findus A/S 1980–1987. Frå 1995 til 2013 var ho tilsett som sjukepleiar ved Sjukehuset Vestfold i Larvik.

Politisk karriere

Mandt var varamedlem i Larvik kommunestyre 1991–1995, og var deretter medlem 1995–2005. Ho sat i formannskapet i Larvik 1999–2005. Mandt var nestleiar i Larvik Arbeidarparti 1992–2001, og seinare leiar 2001–2004, styremedlem 2004–2010 og nestleiar frå 2012. 1997–2000 var ho nestleiar og 2000–2014 leiar i Vestfold Arbeidarparti.

I 2005 blei ho vald til stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Vestfold, og satt på Stortinget fram til 2017. På Stortinget var ho medlem av helse- og sosialkomiteen 2005–2013 og av familie- og kulturkomiteen 2013–2017. Politisk arbeidde ho mykje med helserelaterte emne.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg