Hopp til innhold
Stein Mehren. Foto: Aschehoug.
Stein Mehren. Foto: Aschehoug.
X
Innhald

Stein Mehren

Stein Mehren, forfattar som skreiv musikalsk, sanseleg og biletrik poesi i kamp med den modernistiske tradisjonen.

Stein Mehren er fødd 16. mai 1935 i Oslo og døydde 28. juli 2017. Han tok examen artium ved Oslo katedralskole i 1953. Seinare same året studerte han engelsk språk og litteratur i Cambridge, og året etter studerte han mellom anna biologi i München. Mehren har òg studert filosofi ved Universitetet i Oslo (1958).

Mehren var privatsekretær for Rolf Stenersen i 1955–1956. Han har òg vore vitskapleg assistent for Arne Næss og har førelese i idéhistorie ved Universitetet i Oslo (1977 og 1979). Men hovudsakleg har han arbeidd med diktinga.

Mehren debuterte med diktsamlinga Gjennom stillheten en natt i 1960. Sidan debuten har han skrive om lag 50 bøker, dei fleste diktsamlingar, men òg essaysamlingar og eit par romanar og skodespel. Gobelin Europa (1965), Aurora. Det niende mørke (1969), Timenes time (1983), Nattsol (1992) og Imperiet lukker seg (2004) er mellom dei mange høgdepunkta i forfattarskapen. Mehren sin poesi er kjenneteikna av eit rikt biletspråk og sans for rytme og klang. Dikta er samstundes filosofiske undersøkingar – freistnadar på å nå erkjenning og sanning gjennom det poetiske språket. Gjennom heile forfattarskapen går det føre seg ei utforsking av modernismen som estetisk ideologi og av mytane sine paradoksale verkemåtar – som både sanning og løgn, forklarande og tilslørande.

I 1993 debuterte han som biletkunstnar med ei utstilling i Galleri Haaken i Oslo. Han har gitt ut fleire bøker med dikt og bilete, til dømes utvalet Kjærlighetsdikt (1997).

Mehren fekk Kritikarprisen i 1963 for Mot en verden av lys. Han fekk òg Doblougprisen i 1971, Fritt Ords pris i 1978 og Gyldendalprisen i 1981 og 2004, i tillegg til ei rekkje andre prisar. Han har vore nominert til Nordisk råds litteraturpris fleire gonger, sist for Imperiet lukker seg i 2005, men har aldri fått prisen. Sidan 1983 har han fått statens æresstipend. I 2010 kom Tidfareren, eit festskrift til Stein Mehren på 75-årsdagen.

Kjelder

Per Thomas Andersen: Stein Mehren – en logos-dikter. Oslo 1982

Ole Karlsen (red.): Som du holder mitt hjerte i din ømhet. Om Stein Mehrens forfatterskap. Oslo 2004

Lars Roar Langslet: «Stein Mehren», Norsk biografisk leksikon, snl.no: https://nbl.snl.no/Stein_Mehren [lesedato 12.12.2014]

Peikarar

Tom Egil Hverven si bokmelding av Den siste ildlender (2002)

Harriet Eide: «– Jeg vil ikke være medietulling», intervju med Stein Mehren, dagbladet.no, publisert 17.3.2001

Først publisert: 16.09.2016
Sist oppdatert: 29.07.2017