Hopp til innhold

Svanhild Mundheim

Svanhild Gunvor Mundheim, nynorsk hallodame og programleiar i NRK. Ho vart kjend for røysta si og varlege godnattord ved sendeslutt.

Svanhild Mundheim var fødd 29. mars 1920 i Bergen, voks opp på Mundheim i Varaldsøy kommune i Hardanger (no Kvam) og døydde i Oslo 26. oktober 2014.

Ho tok examen artium på engelsklina ved Firda gymnas i 1940, lærareksamen ved Levanger off. lærarskole i 1942 og tok også handelsskuleutdanning. I åra 1942–45 arbeidde ho ved Haus forsyningsnemnd og i 1945–46 var ho lærar i Os i Hordaland.

I 1946 fekk ho eit sommarvikariat ved NRKs avdelingskontor i Bergen og vart fast tilsett som sekretær for leiaren for kontoret, Einar Meidell Hopp. Ho arbeidde ved bergenskontoret fram til 1961. Året 1949–50 hadde ho permisjon og heldt til ved BBCs norske avdeling i London. Ved BBC tok ho også det såkalla «Staff training course», som gav innføring i radioarbeid og programpresentasjon.

Ho vart tilsett som nynorsk hallodame – programvert – i NRK på Marienlyst i 1962 og hadde denne stillinga til ho gjekk av med pensjon i 1989. Ei tid var ho også programleiar for den populære programposten Ønskekonserten. I radioen vart ho kjend for røysta si, og for godnattorda ved sendeslutt. Orda valde ho med omhug, i medvit om at lydarane kunne vere i vidt ulike livssituasjonar. Ingvar Moe skreiv eit dikt om det, «Stemma hennar Svanhild».

Liksom dei eldre, mannlege nynorskpionerane i NRK – Karl C. Lyche, Hartvig Kiran og Arthur Klæbo – møtte ho den første tida harde åtak for språket sitt frå bokmåls- og riksmålslydarar. «Når åtaka på nynorsken er som verst, ønskjer eg ofte: Gjev eg var i eit språkpolitisk nøytralt land!» skreiv ho i 1965 jubileumsboka Studentene fra 1940.

Svanhild Mundheim omsette òg lærebøker frå bokmål til nynorsk. I 1985 vart ho tildelt Kringkastingsprisen for framifrå bruk av nynorsk i radioen.

Kjelder

Magnhild Bruheim: Lykkeland. Minne frå slagerbøkene. Oslo 2000
Hans Fredrik Dahl og Henrik G. Bastiansen: Over til Oslo. NRK som monopol 1945–1981. Oslo 1999
Lasse Dyrdal: «Stemma frå Hardanger – Svanhild Mundheim 90 år». Hordaland folkeblad 26.3.2010
Lasse Dyrdal: «Svanhild Mundheim (1920–2014)». Dag og Tid 31.10.2014
Gunnar Gran: Men radioen var ikke død. Oslo 2000
Arve Henriksen: «NRKs virkelige radiostemme». Aftenposten 3.6.1997
Arthur Klæbo: Radioliv med NRK i 50 år. Oslo 1983
Ingvar Moe: Himabrent. Dikt. Oslo 1979
Tryggve Juul Møller: Studentene fra 1940. Oslo 1965
Aud Molland: «Første 'røysta' i NRK». Adresseavisen 27.3.2010
Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø (red.): Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år 1955–2005. Oslo 2005

Peikarar

Stemma til Svanhild, Kurer, NRK P1+
Ingvar Moes dikt «Stemma hennar Svanhild» (side 27)

Først publisert: 06.05.2016
Sist oppdatert: 06.05.2016