Allkunne.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at vi kan gi deg ei betre brukaroppleving.
Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta til trafikkmåling og til å optimalisere tenesta.
Ved å halde fram med å bruke allkunne.no godkjenner du bruken av informasjonskapslar.
Vil du vite meir, kan du lese om korleis vi bruker informasjonskapslar.
Norsk -
Er nynorsk og bokmål to språk eller to former av det same språket? Både språkvitskapleg og språkpolitisk er både «to språk» og «to målformer» moglege svar – men «to målformer» er det offisielle svaret.
Sven Moren, forfattar, bonde og ungdomslagsleiar. Han dreiv organisasjonar, skreiv bøker, laga ei av dei mest brukte songbøkene og var ein framifrå folketalar.
Sven Moren var fødd i Trysil 24. oktober 1871 og døydde 14. desember 1938. Han dreiv farsgarden, som han formelt tok over i 1909.
Sven Moren på veg åt Morsætra, sætra hans, jonsokkvelden 1922. Foto: Håkon Garaasen, Trysil-Engerdal museum. Lissens: Public domain
Då hadde han debutert med Vers (1895) og fått eit gjennombrot som forfattar med forteljinga Storskogen (1904). Skildringar frå skogbygdene blei eit varemerke for han, med mykje fin prosalyrikk og gode naturskildringar, der dei sosiale konfliktane etter kvart også kom med.
Moren skreiv også fleire barnebøker, mellom anna Den store tømmerdrifta (1909), og hadde statens kunstnarløn frå 1936. Moren var ein av dei store folketalarane tidleg på 1900-talet, og i 1907 redigerte han Songbok aat ungdomslag, trykt i sju utgåver, den siste i 1950.
Gudrid og Sven Moren, Ragna Aurora Martinsen og Berit Strandvold. Foto: Glomdalsmuseet. Lissens: CCBYNSA
Moren var formann i Noregs Ungdomslag 1899–1901 og 1915–19 og formann i Norsk Bokmannslag 1913–16. Han var blant skiparane av Austmannalaget.
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Vidare lesing
Haraldseid, Sigurd: Gardguten og spelemannen, 1946
Norsk biografisk leksikon 2. utg.
Vesaas, Halldis Moren: Sven Moren og heimen hans, 1951
Litteraturliste utvikla av Nasjonalbiblioteket for Allkunne 2011
Tilrettelagt og oppdatert av Allkunne
Først publisert: 04.09.2009
Sist oppdatert: 14.03.2018