Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Sverre Myrli

Sverre Myrli, konsulent og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Akershus første gong i 1997.

Sverre Myrli er fødd 26. august 1971 i Nes i Akershus. Han tok Nes videregående skole i 1987–90, bachelorgrad i offentleg styring ved Høgskolen i Oslo i 2002–05 og held på med ein mastergrad i offentleg administrasjon ved Handelshøjskolen i København frå 2011.
Myrli var ungdomssekretær i Akershus AUF i 1990–92, organisasjonskonsulent i Norsk Folkehjelp i 1993–94, vikarbetjent i Forsvarets Bygningstjeneste i 1994–96, politisk rådgivar i Samferdselsdepartementet i 1996–97 og vaktbetjent og konsulent i Forsvarsbygg i 2004–05. Frå 2005 har han vore stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Akershus.
Han hadde tillitsverv i Nes AUF i 1985–94, var medlem av styret for Nes Arbeidarparti i 1988–90, medlem av styret i AUF Akershus i 1988–90 og leiar i 1991–93, medlem av AUFs landsstyre og styret for Akershus Arbeidarparti i 1991–93. Han var kommunestyrerepresentant for Arbeidarpartiet i Nes kommunestyre i 1991–2007, medlem av fylkestinget i Akershus i 1991–97 og medlem av landsstyret i Arbeidarpartiet frå 2002. Myrli var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet frå Akershus i perioden 1997–2001, vararepresentant i 2001–05 og er igjen fast stortingsrepresentant frå 2005. Politisk er dei viktigaste sakene hans betre kollektivtrafikk, samferdsel og omsorg.
Myrli har hatt ei lang rekkje verv. Mellom anna var han leiar av Sosialdemokrater mot EU (SME) i 1993–94, medlem av styret for Akershus Reiselivsråd i 1994–96, styret for Akershus Bedriftsrådgiving A/S i 1994–97, styret i Framfylkingen Akershus i 1995–97 og leiar av styret for Stor-Oslo Lokaltrafikk AS i 1995–96.
Myrli var medlem av styret for Gamle Hvam Museum i 1995–97 og 1999–2004, AOF Oslo og Akershus i 1997–2001, Romerike Folkehøgskole i 2003–07 og styret for Akershus fylkeskommunale pensjonskasse frå 2007. Han var leiar av styret for SPD Freundekreis Oslo i 2008–09 og medlem frå 2009, medlem av rådet for Nordmanns-Forbundet frå 2010 og leiar av den norsk-tyske Willy-Brandt-stiftelsen frå 2011.
Kjelder
Sverre Myrli, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=SMY [lesedato 5.3.2012]
Peikarar

Først publisert: 29.05.2012
Sist oppdatert: 09.04.2014