Faktaboks

Theresa May

fødd Theresa Mary Braiser

Fødd
1. oktober 1956, Eastbourne, England
Theresa May ankommer Downing street 10, dagen etter at hun er utnevnt til statsminister.
/Sipausa/Scanpix.

Theresa May er ein britisk politikar. Ho er tidlegare partileiar for Det konservative partiet, Conservative Party, i perioden 2016–2019. Frå 2010 til 2016 var ho innanriksminister i David Cameron sine regjeringar. May var statsminister i Storbritannia frå 13. juli 2016 til 24. juli 2019, då ho trakk seg etter fleire mislykka forsøk på å få ein avtale med EU om Brexit.

Bakgrunn

Theresa Mary May, fødd Theresa Mary Braiser, er fødd i Eastbourne i Storbritannia. Faren, Hubert Brasier, var prest i den anglikanske kyrkja. May høyrer til generasjonen etter 68‑arane og fekk sin formande år i 1970-åra, då inflasjonen herja og det blomstrande industrisamfunnet i etterkrigstida gjekk mot slutten.

May kjem frå den lågare middelklassa og gjekk på offentleg barne- og ungdomsskule, med ei kort tid på ein privat katolsk skule. Ho studerte geografi ved St. Hugh’s College i Oxford frå 1974 til 1977 og har graden Second Class degree. Etter dette fekk May jobb ved Bank of England i London.

Tidleg politisk karriere

May engasjerte seg tidleg i Det konservative partiet, og i 1986 blei ho vald inn i styringsforsamlinga i Merton-distriktet. May stilte til val til Parlamentet både i 1992 og 1994, men blei ikkje vald. Ho vart vald inn for fyrste gong ved valet i 1997, og har sidan vore medlem av Parlamentet.

Dei tre første periodane ho var vald til Parlamentet, var dei konservative i klart mindretal. May blei teken med i skuggeregjeringane til både William Hague, Iain Duncan Smith, Michael Howard og David Cameron, der ho arbeidde med utdanningssaker, samferdselssaker og sysselsetjingssaker. I desse sakene var ho klar på at staten måtte spele ei rolle. I 2002 og 2003 var ho styreleiar for partiet, med ei rolle som likna ein generalsekretær.

Likestilling og kvinnekamp

Sidan 1990-åra har May vore eit aktivt medlem av London Area Women’s Committee. Dette var starten på engasjementet hennar for likestilling og ein langvarig kamp for å få fleire kvinner inn i politikken. Saman med nokre andre konservative kvinnelege parlamentsmedlemer danna ho etter valet i 2005 ei aksjonsgruppe som dei kalla Women2Win, som tok sikte på å modernisere partiet for få fram kvinnelege kandidatar, samt kandidatar med etniske minoritetar og vanlege arbeidarar. Arbeidet lukkast, og i 2015 fekk dei konservative inn 68 kvinnelege kandidatar, opp frå 14 i 1997 då May blei vald første gongen. Det er likevel langt att til deira eige mål om 50 prosent, men May har heile tida vore imot kvotering til politiske stillingar.

Statsråd

Innanriksminister

David Cameron danna koalisjonsregjering med liberaldemokratane etter valet i 2010, blei May innanriksminister, som ofte blir rekna som den fjerde viktigaste i posten i regjeringa. Som innanriksminister var ho mellom anna stadig i strid med liberaldemokratane om tiltak mot terror og innvandring. May hadde òg diskusjonar med finansministeren frå sitt eige parti, som kravde nedskjeringar i alle departement. May ville derimot rasjonalisere politikorpset gjennom store kutt i talet på stillingar. Ho kritiserte dessutan politiet for at dei synte rasistisk framferd når dei stoppa folk for å krevje legitimasjon.

May la elles fram lover som skulle verne kvinner mot familievald og barn mot seksuelt misbruk. Internasjonalt arbeidde ho aktivt mot menneskehandel. Då borgarmeisteren i London, Boris Johnson, kjøpte vasskanonar til å setje inn mot demonstrantar under dei store demonstrasjonane i 2011, la ho ned forbod mot å ta dei i bruk. Som innanriksminister kritiserte May dommar mot Storbritannia ved menneskerettsdomstolen i Strasbourg, og reiste spørsmål ved om det var rett av Storbritannia å la seg overprøve av ein institusjon utanfor landet. I samband med dette meinte ho òg at menneskerettane var blitt for omfattande. Ho antyda at Storbritannia burde vurdere å trekkje seg frå både menneskerettskonvensjonen og domstolen.

Kvinne- og likestillingsminister

Frå 2010 til 2012 var May òg kvinne- og likestillingsminister ved sida av innanriksministerposten. På dette feltet fekk ho gjennomslag for betra rettar for homofile, mellom anna retten til ekteskap og adopsjon. I desse spørsmåla endra ho sjølv syn, frå å ha eit svært restriktiv til eit meir liberalt standpunkt.

Partileiar og statsminister

Då partiet måtte velje ny leiar og statsminister då Cameron trekte seg etter folkerøystinga om EU-medlemskap sommaren 2016, var May mellom kandidatane som blei nemnde tidleg i prosessen. Etter nær 20 år som politikar i Parlamentet hadde ho lang erfaring både som opposisjonspolitikar og som regjeringsmedlem. Den andre kandidaten, energiminister Andrea Leadsom, trekte seg slik at det ikkje blei nokon valkamp.

May blei utnemnd til statsminister 13. juli 2016. Ho blei den andre kvinnelege statsministeren i Storbritannia, men ulikt Margaret Thatcher arbeidde May for at fleire kvinner blei med i regjeringa, som til slutt utgjorde åtte av 22 regjeringsmedlem. Det var eit synleg teikn på at aksjonen Women2Win var ein suksess. Den nye regjeringa hadde òg fleire medlemer med bakgrunn frå offentlege skular enn noko regjering sidan andre verdskrigen.

EU og Brexit-forhandlingane

I striden om britisk medlemskap i EU venta May lenge med å ta standpunkt. Som innanriksminister fekk ho mange saker til avgjerd som omhandla EU, mellom anna immigrasjon og flyktningspørsmål, samt tilhøvet mellom menneskerettane og britisk lov. May vedgjekk at immigrasjonen hadde vore bra for Storbritannia, men ville ikkje ha ukontrollert immigrasjon. Ho kom med mange framlegg for å redusere innvandringa både frå EU og frå land utanfor, og argumenterte med at innvandringa førte til press på skulesystemet, sosialsystemet og tilgangen på bustader.

Etter sterkt press kom det fram at May var for at Storbritannia skulle halde fram som EU-medlem, altså at ho stod på remain-sida i striden. Då May vart utnemnd til statsminister i 2016 erklærte ho at utmeldingsforhandlingane om EU, populært kalla Brexit, måtte starte så snart som råd, og at ho ville levere Brexit slik folket hadde stemt i 2016.

Etter fleire mislukka forsøk på å få fleirtal for ein Brexit-avtale i Parlamentet, varsla May 24. mai 2019 at ho kom til å trekkje seg som partileiar og statsminister 7. juni, og at ho ville bli sitjande som fungerande statsminister inntil ny statsminister var vald. May forlet partiet endå meir splitta enn då ho overtok etter Cameron. Boris Johnson vann leiarvalet og tok over som statsminister 24. juli 2019.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Rosa Prince: Theresa May – The enigmatic prime minister. Biteback publishing, London 2017

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg