Hopp til innhold
X
Innhald

Thomas Mann

Paul Thomas Mann, tysk forfattar som fekk Nobels litteraturpris i 1929. Litteraturen til Mann er bygd på europeiske tanketradisjonar, men òg på ein omfattande ironi.

Thomas Mann var fødd 6. juni 1875 i Lübeck i Tyskland og døydde 12. august 1955 i Zürich i Sveits. Han voks opp i ein kjøpmannsfamilie i Lübeck og byrja ei utdanning innanfor økonomi og handel. Mann var femten år gammal då faren døydde, og familien flytta då til München, der Mann studerte ved både Ludwig-Maximilians-Universität München og ved Technische Universität München. Han studerte historie, økonomi, kunsthistorie og litteratur, med ei journalistkarriere som siktemål. Her byrja han òg å skrive, og han tok aktivt del i eit kunstnarleg og intellektuelt miljø.

Mann var først og fremst forfattar, men brukte òg mykje tid på undervising og offentlege talar og skrifter. Mellom 1938 og 1941 var han gjesteprofessor ved Universitetet i Princeton, New Jersey.

Den første boka til Mann var novellesamlinga Der kleine Herr Friedemann (1898). Kortromanen Døden i Venedig (1913) er mellom meisterverka hans, saman med dei mykje større romanverka Buddenbrooks. En families forfall (1901), Trolldomsfjellet (1924), Lotte i Weimar (1939) og Doktor Faustus (1947). Mann var borgarskapen sin diktar og samstundes ein stor ironikar og humanist. Diktinga hans er djupt prega av europeiske tanketradisjonar, som både blir omfamna og ironiserte over i bøkene hans. Særleg kunstnarrolla og rolla til den intellektuelle blir framstilt på ulike og fascinerande måtar gjennom heile forfattarskapen. Mann skreiv òg ei rekkje essay, der han reflekterer i spennet mellom eiga samtid og den europeiske kulturhistoria.

Under den andre verdskrigen flytta Mann til USA, etter press frå det nazistiske styret i Tyskland. I 1940 blei han amerikansk statsborgar, og han budde i California fram til 1953. Medan han budde der, kringkasta BBC ei rekkje talar av Mann, der forfattaren polemiserte – på tysk, for eit tysk publikum – mot det nazistiske maktapparatet i Tyskland. Lenge etter at Mann var død, blei talane utgitt under tittelen Deutsche Hörer! (2004). Det finst elles fleire filmatiseringar av bøkene til Mann, og mest kjend er kanskje den italienske regissøren Luchino Visconti sin versjon av Døden i Venedig (1971) og fjernsynsserien Die Buddenbrooks (1979).

I 1919 fekk Mann eit æresdoktorat ved Universitetet i Bonn. Det nazistiske styret trekte tilbake æresdoktoratet i 1937, men han fekk det attende i 1946, då krigen var slutt. Mann fekk Nobels litteraturpris i 1929, hovudsakleg for romanen Buddenbrooks. En families forfall (1901). I 1949 fekk han Goetheprisen i både Weimar og Frankfurt.

Kjelder

Georg Lukács: Essays on Thomas Mann. London 1979

Nobelprisens presentasjon av Thomas Mann: http://www.nobelprize.org/nobel_prizes/literature/laureates/1929/mann-facts.html [lesedato 20.1.2016]

Elsbeth Wessel: «Thomas Mann», Store norske leksikon, snl.no: https://snl.no/Thomas_Mann [lesedato 20.1.2016]

Peikarar

Bjørn Hofmann: «Sykdom som dannelse – en studie av Thomas Manns roman Trolldomsfjellet», Tidsskrift for Den norske legeforening, tidsskriftet.no

Jon Hustad: «Borgarleg humanist», Klassekampen, artikkel i samband med femtiårsmarkeringa for Thomas Manns død

Først publisert: 13.05.2016
Sist oppdatert: 13.05.2016