Hopp til innhold
X
Innhald

Thomas Mathiesen

Thomas Mathiesen, fødd 1933, er sosiolog, vart dr. philos. 1965 og professor i rettssosiologi ved Universitetet i Oslo frå 1972. Han har stått for vitskapleg produksjon innafor fengselsforsking, kriminologi, rettssosiologi, byråkrati- og maktteori, og har vore aktiv i kriminalpolitisk arbeid gjennom Norsk forening for kriminal reform (KROM) der han var formann 1968–73.
Han har mellom anna gitt ut The Defences of the Weak (1965), Rett og samfunn (1977), Den skjulte disiplinering (1978), Makt og motmakt (1982), Kan fengsel forsvares? (1987).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.04.2012
Sist oppdatert: 02.04.2012