Hopp til innhold
Meyer kring 1870. Foto: Peter Clas Knudsen/Oslo Museum CC BY SA 4.0.
Meyer kring 1870. Foto: Peter Clas Knudsen/Oslo Museum CC BY SA 4.0.
X
Innhald

Thorvald Meyer

Thorvald Meyer, 1818–1909, var forretningsmann og politikar i Kristiania. Han gav store beløp til offentlege føremål, mellom anna parken Birkelunden på Grünerløkka.

Thorvald Meyer, 1818–1909, var forretningsmann i Kristiania. Han arva ei større formue som han forvalta gjennom drift av skogseigedom, trelast og tomtesal i Kristiania sentrum.

Meyer selde 380 mål på Grünerløkka og opparbeidde seg med det den største private formua i Kristiania. Han bygde parken i Birkelunden som han seinare donerte til byen, saman med tomta til Paulus kyrkje. Hovudgata på Grünerløkka heiter Thorvald Meyers gate. Den største gåva til byen var “Bade- og Vadskeanstalten” som opna i 1861, som eksisterte som Torggata bad fram til 1980-åra.

galleri


Meyer var frimurar, politisk konservativ og sat i Christiania bystyre i heile 27 år, i åra 1853–80. Han var ein av stifterane av Den norske Creditbank i 1857.

Thorvald Meyer var svært interessert i kunst, kultur og litteratur og eigde sjølv mykje kunst. Han sat i styret i Christiania Theater og ytte økonomisk hjelp til fleire forfattarar, mellom dei Bjørnstjerne Bjørnson og Knut Hamsun.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.03.2016
Sist oppdatert: 22.03.2016