Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Torgeir Micaelsen

Torgeir Eikstad Micaelsen, seljar og stortingrepresentant for Arbeidarpartiet frå Buskerud sidan 2005.

Torgeir Micaelsen er fødd 20. mai 1979 i Bergen og voks opp i Mjøndalen i Buskerud. Han gjekk på Eiker videregående skole i 1995–98 og tok bachelor-eksamen med faga samfunnsfag, psykologi og statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 2005. Han arbeidde som lærarvikar ved Hokksund barneskole og Vestfossen ungdomsskole i 1999–2002, var sjølvstendig næringsdrivande i Monkeybusiness i 2002–05 og salskonsulent ved Norsk Møteforum i 2004–05.
Micaelsen var leiar av Buskerud AUF i 1999–2001, kommunestyremedlem i Nedre Eiker for Arbeidarpartiet i 1999–2003, nestleiar i Buskerud Ap og medlem av landsstyret i Arbeidarpartiet sidan 2004, leiar av Drammen Ap og medlem av sentralstyret i Arbeidarpartiet frå 2009. Han var vararepresentant til Stortinget i perioden 2001–05, har vore fast representant for Arbeidarpartiet frå Buskerud frå 2005.  I perioden 2009–13og var han leiar av finanskomiteen og i perioden 2013—17 er han medlem av Helse- og omsorgskomiteen. Politisk arbeider han for klima, skule og helse og mot skattereduksjonar.
Kjelder
Torgeir Micaelsen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=TMI [lesedato 10.3.2012]
Peikarar

Først publisert: 29.05.2012
Sist oppdatert: 09.04.2014