Hopp til innhold

Torkell Mauland

Torkell Mauland, lærar, lokalhistorikar og folkeminnegranskar. Han skreiv om hekseprosessar, prestar og lensmenn i Rogaland.

Torkell Mauland var fødd i Time 3. januar 1848 og døydde i Asker 31. mars 1923. Han var odelsgut, men valde lærarvegen. Knapt konfirmert gjekk han lærarlærlingskule hos klokkar Velle Vellesen i Time og vart 15 år gamal lærar i bygda ved den udelte omgangsskulen i tre år. Arne Garborg var ein av elevane hans. Mauland vart seinare den trugnaste brevvenen til Garborg.
Mauland gjekk Holt seminar i 1867–69, møtte Hans Ross og fekk eit klarare syn på kor viktig den nasjonale reisinga var. Han lærte seg gamalnorsk for å få eit historisk perspektiv på det norske språket og skreiv i 1871–73 artiklar på landsmål i Garborgs Lærerstandens Avis. Frå 1869 var han lærar i Høyland og i 1872–75 i Stavanger. I 1875–91 var han rektor ved den ambulerande amtsskulen i Ryfylke, der han hadde Rasmus Løland som elev og gav han dei to–tre timane med opplæring i landsmål som var den einaste landsmålsundervisninga Løland fekk i livet. Mauland underviste så eitt år i norsk på Klæbu seminar, var lærar og klokkar i Aure 1892–97 og i 1898–1913 lærar i folkeskulen i Kristiania, det meste av tida på Lilleborg skole. I 1903–1916 var han òg kyrkjesongar ved dei nynorske gudstenestene i Kristiania.
I 1912 flytta han til Sætre i Heggedal i Asker, til eit gardsbruk han hadde kjøpt. Han sa opp lærarstillinga og konsentrerte seg no om bygdehistorie. Frå 1914 fekk han statsstipend. Han arbeidde i Riksarkivet med materiale frå Rogaland. Og i 1916 gav han ut Trolldom, ei bok om hekseprosessar i Rogaland. I 1917 kom Prestarne paa Lye, og posthumt i 1925 Or soga um Jelsa-prestarna. Posthumt kom òg Lensmenner i Rogaland (1924–26) og dei tre banda Folkeminne fraa Rogaland (1928–35).
Mauland var vararepresentant til Stortinget for Venstre i 1886–88. Han sat i styret for Det Norske Samlaget 1906–16. For Samlaget omsette han Nyskogborni av Frederick Marryat og Ivanhoe av Walter Scott, gjekk igjennom innsende manuskript og hjelpte Alexander Seippel med språket i bibelomsetjingane hans. «Eg hev lært meir av det enn av heile mi skulegonga», skreiv han om samarbeidet med Seippel. Han omsette òg skulebøker frå dansk-norsk til landsmål. I 1918 vart han utnemnd som heiderslagsmann i Samlaget.
12. september 1948 avduka Rogaland Historielag ei byste av Mauland på Bryne i Time. Bysta er forma av bilethoggaren Erik Haugland.

Kjelder
Bjarte Birkeland ofl. (red.): Det Norske Samlaget 1868–1968. Oslo 1968
Johs. A. Dale og Rolv Thesen: Arne Garborg. Mogning og manndom. Brev, 1 og 2. Oslo 1954
Ernst Berge Drange: Rasmus Løland. Barnebokpioneren frå Ryfylke. Oslo 2007
Arne Garborg: Skrifter i samling, bd. 9: Reiseskildringar. Kolbotnbrev. Knudaheibrev. Oslo 2001
Arne Garborg: «Torkell Mauland. Minne», Syn og Segn 1923
Målfrid Grimstvedt: «Eit granskarliv: Torkell Mauland», Sjå Jæren. Årbok for Jærmuseet 1998
Eivind Hognestad: Time herad 1837–1937. Bryne 1983
mj [Magnus Jonsbråten]: «Minnesmerket over Torkell Mauland på miniparkplassen ved Bryne skule», Jærbladet 21.08.1970
Nils Lid: «Torkell Mauland», Norsk biografisk leksikon, bd. 9. Oslo 1940
Peikarar

Først publisert: 21.09.2010
Sist oppdatert: 20.06.2018