Hopp til innhold
Tove Myhre. Foto: Guttorm Pedersen, Det Norske Samlaget. Nytta etter avtale med forlaget.
Tove Myhre. Foto: Guttorm Pedersen, Det Norske Samlaget. Nytta etter avtale med forlaget.
X
Innhald

Tove Myhre

Tove Myhre, journalist i Nordlys og forfattar av romanar og diktsamlingar om relasjonar mellom menneske.

Tove Myhre er fødd 3. mai 1964 i Tromsdalen og er busett i Tromsø. Ho gjekk på Vestoppland Folkehøgskule (1984), tok psykologi ved Universitetet i Tromsø og psykologi, film og song ved The University of Kansas på slutten av 1980-åra og byrjinga av 1990-åra. Ho har arbeidd i Nordlys sidan 1985, først som korrekturlesar, så i mange år som kulturjournalist.
Som forfattar debuterte Myhre med diktsamlinga Strupesong i 2004. Emna i dikta har tematisk breidd, bileta er konkrete og kreative, og Myhre formulerer seg fantasifullt og fortetta. Ho skriv velformulert og finstemt innanfor tradisjonelle rammer.
I 2008 kom romanen Tivolireise, som skildrar eit kvinneliv, med kjærleik, svik og lengt etter ein far. Dottera fortel historia til mora Lovise frå ho blir fødd til ho er døyande og dement på sjukeheimen. Språket hennar er poetisk og sart, men samtidig nøkternt. Felles for Strupesong og Tivolireise er at dei handlar om relasjonar og ting som er usagde mellom menneske.
Myhre fekk Blix-prisen i 2005 for Strupesong. Ho skriv både bokmål og nynorsk.
Kjelder
Tove Myhre, forfattarside, samlaget.nohttp://www.samlaget.no/nn-NO/Forfattarar/M/Tove--Myhre.aspx [lesedato 22.3.2011]
Peikarar

Først publisert: 09.11.2011
Sist oppdatert: 17.04.2018