Hopp til innhold
X
Innhald

Trude Marstein

Trude Marstein er forfattar og omsetjar. Ho skriv skarpe og granskande romanar om ekteskap og utruskap, samliv og samlivsbrot.

Trude Marstein er fødd 18. april 1973 i Tønsberg. Ho har grunnfag i psykologi, pedagogikk og litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo og har teke forfattarstudiet i Bø ved Høgskulen i Telemark.

Marstein har også sjølv undervist på forfattarstudiet i Bø. I tillegg til å vere forfattar har ho omsett ei lang rekkje bøker og har skrive artiklar om litteratur i aviser og tidsskrift.

Ho debuterte i 1998 med Sterk sult, plutselig kvalme. Romanen er bygd opp av 65 korte prosatekstar, der blikket vekslar mellom «han» og «henne». Marstein skriv lett og leikande, men etablerer samstundes eit detaljert observerande og stundom ganske kynisk blikk på relasjonane mellom personane sine. Dette utviklar ho vidare i seinare bøker. I romanen Plutselig høre noen åpne en dør (2000) handlar det om ei kvinne som prøver å fullføre ei hovudfagsoppgåve samstundes som ho forsørgjer den fire år gamle dottera. Både familien og ei rekkje menn gjer oppgåva meir komplisert, og gjennom den språkmedvitne og analyserande eg-forteljaren skildrar Marstein mor-barn-relasjonen på ein uromantisk måte.

Seinare har Marstein gitt ut ei rekkje romanar om ekteskap og utruskap, samliv og samlivsbrot, mellom anna Elin og Hans (2002), Ingenting å angre på (2009), Hjem til meg (2012) og Så mye hadde jeg (2018). Med sine 118 ulike forteljarar skil kollektivromanen Gjøre godt (2006) seg ut i forfattarskapen. Tematikken, henta frå det alminnelege kvardagslivet, er likevel attkjenneleg for Marstein. Her som elles skriv ho skarpt og gjennomtrengjande om det vanlege – om det som stundom er banalt og stundom heilt avgjerande i livet. Språket er enkelt, men presist og rikt, og det litterære handverket er solid. Marstein har òg skrive barneboka Happy Birthday (2000) og essaysamlinga Konstruksjon og inderlighet (2004).

Marstein har omsett mange bøker frå skandinaviske språk og engelsk. Særleg har ho omsett dansk litteratur, mellom anna bøker av Helle Helle, Naja Marie Aidt, Suzanne Brøgger og Karen Blixen.

Marstein fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris 1998 for Sterk sult, plutselig kvalme. I 2002 fekk ho både Sult-prisen og Vestfolds litteraturpris, og i 2004 fekk ho Doblougprisen. For Gjøre godt fekk ho Kritikarprisen i 2006, saman med Kjartan Fløgstad. Marstein har òg fått P.O. Enquists pris (2007), ein svensk pris som blir delt ut til «ein yngre forfattar på veg ut i Europa».

Video: Trude Marstein presenterer romanen «Ingenting å angre på» (2009), youtube.com.

Kjelder

Kåre Bulie: «Trude Marstein er nummer 23», dagbladet.no, publisert 10.7.2006: https://www.dagbladet.no/kultur/trude-marstein-er-nummer-23/66232179 [lesedato 23.7.2018]

Cathrine Krøger Hammerstrøm: «Imponerende romandebut», dagbladet.no, publisert 4.12.1998: https://www.dagbladet.no/kultur/imponerende-romandebut/65492545 [lesedato 23.7.2018]

«Trude Marstein» i forfattarkatalogen, forfattarkatalogen.no: http://www.forfatterkatalogen.no/forfattere/trude-marstein/ [lesedato 9.7.2018]

Presentasjon av Trude Marstein på Gyldendal sine sider, gyldendal.no: https://www.gyldendal.no/Forfattere/Marstein-Trude [lesedato 9.7.2018]

Peikarar

Line Fallan Sørensen: «Å være mor i moderlandet», masteroppgåve om morderskapsdiskursar i romanar av Trude Marstein og Hanne Ørstavik, duo.uio.no 

Først publisert: 12.02.2019
Sist oppdatert: 12.02.2019