Hopp til innhold
X
Innhald

Truls Mørk

Truls Mørk, fødd 1961, er cellist. Mørk var finalist og prisvinnar i Tsjajkovskij-konkurransen i 1982 og vann Cassadó-konkurransen i 1983. Han fekk også gullmedalje i UNESCO-konkurransen i 1983 og 2. pris i Naunburg-konkurransen i 1986.
 
Mørk har seinare teke spranget inn i den absolutte verdsklassen og har ei omfattande internasjonal karriere som solist med ei rekkje orkester.
 
 I 2002 fekk han Grammy-prisen for plata si med cello-suite nr. 1–3 av Britten.  Mørk har vunne fleire Spellemannsprisar og vart i 1998 utnemn til ridder av første klasse av St.Olavs orden.
 
Truls Mørk var med å stifte Kammermusikkfestivalen i Stavanger og arbeidde som kunstnarleg leiar for festivalen i ei årrekkkje.
 
Mørk er professor ved Noregs musikkhøgskule.
 
Sjå video med Truls Mørk:
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.10.2013
Sist oppdatert: 18.10.2013